Trudon

Trudon-namnet har i fire århundre vore eit symbol for innovasjon og handverk og framleis i dag er Cire Trudon blant dei fremste innan luksusegmentet for lys og interiørduft. PS: MAGASIN har snakka med Trudon sin sjef for marknadsføring, Elodie Herreria, om arv og nyskaping – og korleis det for første gong er å skape fem parfymar.

Tekst: Jonas Øren
Foto: Simen Øvergaard / Palookaville

Det er få merkenamn som går tilbake til 1600-talet og som framleis lev i dag, særleg med tanke på å drive med noko så smalt som produksjonen av vokslys. I 2007 relanserte Cire Trudon det historisk anarkjende Trudon-namnet. I same ånd fortsette dei å jobbe med arva som plasserer dei i ei særstilling. Kven kan skilte med å ha både Ludvig XIV, Marie Antoniette og Napoloen I i kundearkivet? Det er klart at ei saftig historie som nettopp denne er med på å farge kva retning eit merkenamn vil fortsetje å gå i dagens marknad. Og særleg når det kjem til å skulle innta eit nytt handverk og eit nytt felt som parfyme.

Men først; la oss sjå litt på historie og arv. Claude Trudon starta å selje vokslys i 1643 og meistra kunsten og faget med å skape vokslys av bivoks. Det tok ikkje lang tid før bedrifta starta med produksjonen av vokslys. Med tida har Trudon-arva blitt vedvart og utvikla gjennom generasjonar. Trudon vart kongeleg hoffleverandør og sitert spesialist innanfor leksika i samtida. Savoir fair, handverk, og kvalitet spegla kunnskapen som låg i det smale, men viktige feltet. Det handla jo tross alt om å få folk (kyrkje og geistlege) til å sjå i dei mørke kvelds- og nattetimane – og Trudon-lysa lova den kvitaste voksen og den lysaste flammen. Mykje mystikk og overtru ligg til faget. Biene fangar energien i sollyset i skapinga av bivoksen, og den same energien blir frigjort når ein brenn lyset. Dette er årsaka til at ein i kyrkja bare kunne brenne lys av bivoks – reint, heilagt lys. Uttrykket "deo regique laborant", dei (biene) arbeider for Gud og kongen, seier mykje om korleis ein såg på verksemda og kva posisjon Trudon hadde i samfunnet. Også det at verken den franske revolusjonen eller oppdaginga av elektrisiteten kunne dytte bedrifta av pinnen, seier sitt. I 2007 vart altså familiebedrifta relansert som Cire Trudon. Med dette starta dei å spesialisere seg i å produsere duftlys og interiørduft i tillegg til vokslys. Nå er det parfyme som er neste milepæl i historia.

_DS10255.jpg

Difor er det ikkje rart at Elodie Herreria les opp historie, verdi og kunnskap som dei tre berebjelkane for kva som definerer Cire Trudon i dag. Eg møter ho før lanseringa av den nye parfymekolleksjonen på Heaven Scent i Oslo. Kunnskap blir særleg vektlagt av Herreria. Ho forklarar at firmaet er svært lite. Dei er bare er åtte i administrasjonen og tjuefem arbeidarar i verkstaden. Nokre av desse har vore i firmaet i over førti år. Også her går kunnskapen i arv i generasjonar, og Herreria skryt av familiebanda som er blant fleire av dei ansatte. Kunnskapen skal kunne opplevast gjennom bruken av produkta og sansast som kvalitet av ypperste klasse – kvalitet som står i stil med både dufta av og utsjånaden på produkta. Det er svært få luksusprodusentar av interiørdufter som produserer sine eigne lys, og ingen som har laga lys i fire hundre år, seier Herreria. Difor er det nesten vågalt å gå inn i parfymeverda, der det er så mange aktørar. Årleg blir det produsert over 600 nye dufter i Frankrike, og tretti prosent av desse er nisjedufter Dette seier det meste om konkurransen i parfymemarknaden, ler Herreria.  

Elodie Herreria seier at det ikkje var nokon som forventa ei parfymelansering frå Trudon. Likevel var det logisk, då duftene som er i produkta er svært sofistikerte – dei er allereie konstruerte som parfymar.  Med parfymekolleksjonen er Trudon meir moderne enn nokon gong tidlegare. At noko er luksuriøst er ikkje alltid det same som at noko er overdådig, og dette markerer eit skilje mellom interiørduftene og kroppsduftene. Gull og det tunge farga glasset, champagnebøtteforma på lysa – element som kjem i kontrast til det skarpare og enklare designet til parfymeflaskene. Korken er også i glass, noko som er svært sjeldant i dag. Designet er tungt i handa, men likevel ser det ikkje pompøst ut.

Då arbeidet med å skape parfymane starta, ville vi lage noko som framleis bygger på det royale, på religion og revolusjon, fortell Herreria vidare. I tillegg skulle dei ulike duftene også ha eit samband med Paris. I staden for å starte arbeidsprosessen med å gi parfyme-skaparane ein typisk brief, som ofte skjer ved at ein  kjem med eksempel på andre dufter eller parfymer som ein ønsker at at produktet skal lukte som, tenkte vi å gjere noko mykje meir omfattande og spesielt. Dei ulike parfyme-makarane skulle oppleve noko ekstraordinært, noko dei ikkje ville oppleve elles. Dei vart introduserte til ulike stadar i Paris som dei skulle utforske i blinde etter å ha kome inn i ein meditativ tilstand. Her vart det også lest opp historiar som i tillegg til det sanselege i rommet skulle skape "nasale inntrykk", eit viktig startskot i skapinga . Skaparen av dufta Bruma, Anoine Lie, vart ført til museet Le Musée de la Chasse et de la Natur. Dette vesle og svært eklektiske museet i Marais i Paris rommer alt ifrå moderne kunst, til møblar og utstoppa dyr. Mens Lie vart ført rundt i dei ulike romma, vart det lest opp ei historie om ei prinsesse som måtte rømme på hesteryggen inn i ein mørk skog. Ut ifrå denne opplevinga skapte Lie ein formel med notar av mellom anna lær som skulle representere seletøy og iris som skulle illustrere det lysande i mørket. Alle duftene er skapte med utgongspunktet i ein liknande framgangsmåte – noko som har resultert i ein spanande kolleksjon.