Anmeldelse: ERDEM X H&M for menn

Under er ein anmeldelse gjort av PS: MAGASIN-redaksjonen der årets designsamarbeid mellom H&M og ERDEM er under lupa. 

Tekst: Jonas Øren
Foto: Fredrik F. Austad
Styling: Jonas Øren

Hår og make-up: Tatjana Weddegjerde

Modell: Aleksander  / Heartbreak

Vi har tatt for oss plagg for plagg av delar av kolleksjonen. Klikk her for å lese om samarbeidet.

Skjorte, dressbukse og sneakers.

Den sporty skjorta med sporty rib-detaljar i viskose og bomull er fin og behageleg. Ribben gjer at det blomstrete mønsteret – som kanskje oppfattast som dandy – får eit lausare og meir sporty uttrykk. Litt Marni-aktig kanskje? Eit veldig tidsriktig val når det kjem til snitt og detaljar – at sport og dekadense blir blanda.

Dressbuksene er bevisst korte på beinet. Stoffet er fint med ein levande tekstur. Detaljar som hemper i sidene og trekte knappar løftar heildomen.

Joggeskoa kjem med eit print som tek opp blomstermønsteret elles i kolleksjonen.

 

H&M ERdem2.jpg

Frakk.

Frakken er svært gjennomført, då han kjem med eit fôr som kan knappast ut. Veldig, veldig fine detaljar, i alt frå knappar, fôr, lommer, ribs, til kvaliteten på stoffet. Her får ein mykje frakk for pengane!

 

H&M ERdem23.jpg

Skjorte og bukse i silke.

Eit svært behageleg antrekk i silke. Det krever eit sett ballar å gå med dette. Vi trur ikkje at det blir noko vi ser mykje av på byen på dagtid, og særleg ikkje nå på hausten/vinteren. Kanskje det største statement-antrekket i herrekolleksjonen, som samtidig fungerer svært allsidig – og særleg då på reise. Eit utradisjonelt, sprekt fargeval, men som også er godt for augene.

Skoa ser svært bra ut og har ein overraskande flott finish.

 

Grå dress, sportsjakke og sekk.

Dressen har eit snitt og ein look som tilseier at han ikkje treng å bli formsydd. Jakka er fin når ho ser litt oversized ut.

I kolleksjonen for herre legg ERDEM, som svært mange andre akkurat nå, til detaljar frp tech- og sportswear. Treningsjakker og tilbehøyr kjem i det gjennomgåande blomstermønsteret, men er utført som tekniske sportsklede.