Anmeldelse: ERDEM X H&M for kvinner

Under er ein anmeldelse gjort av PS: MAGASIN-redaksjonen der årets designsamarbeid mellom H&M og ERDEM er under lupa. 

Tekst: Jonas Øren
Foto: Fredrik F. Austad
Styling: Pauline Naerholm 

Hår og make-up: Tatjana Weddegjerde

Modell: Othilie / Team Models

 

Vi har tatt for oss plagg for plagg av delar av kolleksjonen. Klikk her for å lese om samarbeidet.

 

Skjørt, bluse og sko.

Blusen ser bra ut på. Kombinasjonen av blonder og plisseringar i cuffs er flott. Ei interessant blanding av ulike teksturar og overflater. Eit plagg som vil bli populært, då det kan kombinerast på mange måtar.

Skoa er fantastiske og er eit av gullkorna i kolleksjonen. Veldig i ERDEM si and, då dei framstår som smykker.

Skjørtet har ein silhuett som skaper ei timeglasform med si markert midje. Stoffet framstår dessverre billeg. Intensjonen med å skape ein ballong-silhuett fell litt gjennom på grunn av stoffet.

 

Kjole og øyredobber.

Ein veldig tidsriktig kjole med tanke på snitt og finish. Om ein kjøper ein kjole som dette "straight of the rack", er det viktig å sørge for at han sitt riktig. Dette snittet er ikkje for alle! Mønsteret er veldig flott, og kombinasjonen blonde og stoff er nydeleg samansatt. Snittet og korleis dei ulike materiala er sydd saman er interesant, men samtidig er det nettopp materialiteten som trekk litt ned.

Øyredobbane ser litt billige ut, og kjennes litt for lette.

 

Kvit skjorte og pysj-bukse.

Dette er ein meir kommersiell look, som truleg kjem til å selje godt.  Skjorta har nydelege detaljar. Vi sett pris på ermene, kneppinga og kragen. Veldig tidsriktig, også i forhold til tendensar som er levande i motebiletet elles, men som framleis går godt til ERDEM sin identitet. Klassisk engelsk heritage og overklasse dette, eit plagg som kunne ha blitt sett på Princess Anne og Prinsesse Diana.

Pysjamasbuksa har eit generøst snitt som funkar både i opp- eller nedkledde antrekk. Det kvite kantbandet gjer ho meir smokingaktig, mens det lause, florlette stoffet gjer ho meir avslappa.

 

Ullkåpe, skjerf, sneakers og handveske.

Snittet i kåpa er tidlaust, men er likevel typete. Detaljane er flotte med tanke på foret og dei trekte knappane. 

Skjerfa i kolleksjonen tek opp mønsteret i dei andre plagga, og fungerer bra som ein raud tråd. Sneakersane er broderte i likt stoff som nokre av dei andre plagga.

Handveska er flott og ser som skoa ut som eit smykke. Skinnet er behandla, men hardwaret ser lett ut. Veska er ganske dyr i kolleksjonen og vil kanskje ikkje bli ein salsuksess fordi ERDEM-namnet ikkje er så kjend her i Noreg.

 

Plissért kjole.

Kjolen har svært fine detaljar. The hems, altså kantane i stoffet, og korleis stoffet er lagt lagvis gjer han svært levande.  Han er leiken, enkel å bruke og allsidig, då han kan lett dressast opp eller ned.