ERDEM X H&M

I år er det britiske Erdem Moralioglu og merket ERDEM som gjer designsamarbeidet med H&M .

Tekst: Jonas Øren
 

ERDEM er kjend for eit distinkt design, og har sidan lanseringa i 2005 fått tallause utmerkingar for arbeidet sitt med moten. Mønster og prints, særleg då av blomar, avanserte og luksøriøse materialar og eit slags neoklassisk silhuettspekter er gjengangarar. Sirlege viktorianske referansar saman med det av 30-, 40- og 50-talet skaper ein moderne og poetisk heildom. Ein kan lett kjenne igjen ein ERDEM-look – då merkevara er sann til identitet og retning.

Kolleksjonen som er skapt saman med H&M innehar – naturlegvis – mykje av essensen av ERDEM. I tillegg til dei typiske kommersielle plagga som ein forventar seg i eit designsamarbeid av dette slaget, til dømes t-skjorter og collegegensarar, finn ein kjolane, yttertøyet og tilbehøyret som definerer brandet.  Kolleksjonen er veldig stilspesifikk, men likevel lettare enn ein rein ERDEM-kolleksjon.

1.jpg

Til vanleg skaper ikkje ERDEM ein herrekolleksjon. Som med andre motedesignarar for kvinner, pleier det å vere interessant å sjå korleis herregarderoben blir tolka.

Plagga og tilbehøyret kjem i kvalitetar som er typiske for samarbeid, då det meste til kvinner er i kunststoff. Når det kjem til finish hevar gjennomtenkte detaljar det totale intrykket. Når det kjem til materialitet er herrekolleksjonen sterkare enn den til kvinner. Plagga til herre er slik dyrare enn dei til dame. Difor vil det, uavhengig av kjønn, vere meir interessant å gå i herreavdelinga om ein er oppteken av det taktile. Signaturplagga i herrekollekjonen er skapt av silke, ull, viskose og skinn. Kvinnekolleksjonen, og då særleg kjolar, bluser og bukser, er skapt av kunststoff og hovudsakleg polyester.

20. oktober kan du lese PS: MAGASIN sin anmeldelse av kolleksjonen.

 

Foto: Michael Pudelka for H&M